Bøanedsetra Hyttegrend strekkjer seg frå parkeringsplassent til Stryn Skisenter på 320 moh, opp langs hovedtraseen og ut til Bøasetra/Tonningsetra på ca 450. Rundløypa som går frå toppen av Stryn Skisenter, via Bøasetra og ned til starten av Stryn Skisenter går gjennom hyttegrenda.

Turløyper Stryn sine praktfulle løyper endar ved hyttegrenda. Der ligg også ei 2 km lang langrennslysløype. Turløyper Stryn AS preparerer ca 40 km med turløyper i området mellom Bøanedsetra og Ullsheim i Markane.

Bøasetra og Tonningsetra har alltid vore naturlige utgangspunkt for fjellturar til 8-10 fjelltoppar, sommar som vinter. Det kan også løysast jaktkort til småviltjakt i desse fjella. Der er utallige andre turmål for dei som ikkje nødvendigvis ønskjer å gå på toppar. F. eks: Hidehojen, Holvatnet, Huldresteinen, Karisetra mm.

Utsikt frå Hestefjellet

Utsikt frå Gullkoppen mot Bøasetra og Gryta.



Elva Steindøla som lenger nede møter Vikaelva har mange fine badedammar for et forfriskande bad. Ein finvêrstur kan vere å gå barføtt opp gjennom elva. 



Der er mange muliheiter for en fin sykkeltur for den som likar litt utfordringar. Der er en del skogsvegar og traseane til turløypene er fine å bruke som tur og sykkelstiar også sommarstid.

Og om vêret er dårlig og Yatzy-blokka skreve ut, ligg Stryn Sentrum med alle sine tilbud berre 4-5 km i frå.