Inst i Nordfjorden finn du turistkommunen Stryn. Her vil du oppleve ein sjeldan kontrastrik natur; frå blåkledde brearmar og mektige fjell, til frodige dalar og djupe vatn. Stryn og resten av Nordfjord er eit eldorado for aktive menneske. Om du vil kan du utforske Briksdalsbreen på brevandring eller stå på ski, både sommar og vinter. Her kan du finne ditt skiparadis – om du likar fart og spenning, eller om du vil ta det litt meir med ro og høyre lyden av dine eigne stavtak i nypreparerte langrennsløyper. Du kan padle i kajakk på grøne vatn, dykke, fiske, klatre eller spele golf. For dei som er glade i fjellturar kan vi freiste med over 250 turløyper. Avstandane er korte i Nordfjord, og med Stryn som base kan du reise på dagsturar til kysten, Geiranger, Ålesund og Sogn m.m.
Stryn har noke å tilby alle som søkjer ein stad der ein kan koble av frå det dagligdagse og kome seg vekk frå dei vante omgjevnadane for å gjere noke anna. Enten formålet er å slappe av og roe ned eller det er ønskje om ei aktiv fritid.
Stryn sentrum er ein trivelig "småby" og ei lokalt handelsentrum. I sentrum er det ofte arrangement og tilstelningar i regi av Aktivitetselskapet Fagre Stryn. Utvalet av butikkar er variert og dei fleste bransjar er representerte. Butikkane er samla rundt hovedgata gjennom sentrum, og lengst vest i sentrum kan ein finne kjøpesenteret Amfi.
I Stryn sentrum kan en også finne Stryn Symjehall. Hallen vart nyopna i 2001. No er der i tillegg til symjebassenget på 12,5x25 m er der 4 m stupetårn, 1 m stupebrett, 36 m lang vannsklie, 40 kvm barnebasseng. Der er også solarium og badstu. 50 m bortanfor er Strynehallen der det er Squash-bane, tennisbane, badmingtonbane, klatrevegg, fotballbane, handballbane mm.